Til innholdet

Du er her: Send inn tekst

Om eldreveven

Eldreveven er ein nasjonal nettstad med kreative tekstar av og for eldre, og alle som er interessert i eldre sine ressursar. Eldreveven er støtta av ABM-utvikling, og er Kulturnett Norge si satsing på eldre. Hordaland fylkesbibliotek driv nettstaden.

Kontakt redaksjonen:
redaksjon@eldreveven.no
Hordaland fylkesbibliotek, Eldreveven
P.b. 7900
5020 Bergen
Tlf: 55 23 93 76
 
Her finn du ein brosjyre om Eldreveven, brosjyre_eldreveven.pdf.
Ta kontakt om du ønskjer å få tilsendt brosjyrar.

Her kan du sjå ein film frå lanseringa av Eldreveven, 1. juni 2006
lansering_eldrevev.wmv.


I dag finn du over 400 tekstar i ulike sjangrar på Eldreveven. Mange av tekstane er laga i samband med kreative skrivekurs for eldre i Hordaland og fleire andre fylke i landet. Her er også tekstar av eldre som ikkje har gått på skrivekurs.

Bakgrunnen til Eldreveven er at Kulturnett Hordaland ønskte å markere FN sitt eldreår i 1999. Gjennom samarbeid med Prosjekt Eldrepedagogikk blei det sett i gang kurs i kreativ skriving for eldre. Erfaringane og tekstane frå kursa var så gode at vi ønskte å dele dei med fleire gjennom publisering på Eldreveven.

Vi set pris på å få tilbakemelding på kva du synst om Eldreveven? Er det noko du saknar? Har du eit forslag til oss? Send ein e-post, eller skriv direkte inn i skjemaet under.


 
Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen